الخبرة : 0-1 سنة
الراتب : not
المكان : egybt
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig to faste 100 % stillingar som tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde.
Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ønsker å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag.
Tolketenesta på hjelpemiddelsentralen er i utvikling, og vi ønsker å styrke både kompetansen og kapasiteten vår. Vi treng fleire dyktige tolkar som kan vere med på å sikre fagleg sterke og brukarvennlege tenester for døve, høyrselshemma og døvblinde. Ressursane skal hjelpe oss å møte eit aukande behov for tolkehjelp og vidareutvikle tolketilbod av høg kvalitet.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve, høyrselshemma og døvblinde.
Vi er organiserte under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.